Kunden kan bestemma farge på overbygget. Overbygget vert ferdig isolert og 100% tett. Vinduene er i 5 - 6 mm. glass og limt fast + alum.lister.

Epoxy.
Byggjing av båtar i Westsystem kjem frå USA. Rundt 1980 vart det meir vanleg å selja epoxy i Norge, som var berekna på båtbygging. Epoxy er ein sterk lim , som ikkje forandrar seg under herding. Den er tynn og trekkjer godt inn i tre. Dessutan har vatnet vanskelegare å trekkja gjennom epoxy enn f. eks. polyester.

Tre.
Tre er utan tvil blandt det stivaste matrialet som finst , i forhold til vekta. Treet har også gode eigenskaper når det gjeld strekk og trykk, i forhold til eigenvekta. Tre er heller ikkje dyrt . Det er enkelt å forma og eit matrial som veks i natura. Svakheten med tre er at det trekkjer til seg vatn, vert tyngre og rotnar. Ved bruk av kaldbakingsmetoden går ein klar alle desse feila.

             

                scan10033-picnik
                               Matrialene vert krysslimt.

 

                               Vågsnesbåtane.

Båtane vert bygde over ein jigg med kjølen opp. Ein brukar 4 lag matrialer som vert krysslimt. Det siste laget vert langsgåande.

Delen med kjøl og propelltunnell vert støypt i glassfiber og etterpå limt og skrudd fast til båten.

 

 

                scan10059-picnik
                                 Kjøl og tunnell er på plass.

 

Innvendig vert skroget fri for spant. Det er kun motorfundament, skott m.m , som vert montert i skroget. På den måten får ein god plassinnvendig. Og skroget vert sterkt og lett. Alt under dekk vert forsegla med epoxy.

 

 

                scan10064-picnik
                                         Skroget innvendig.

 

                                         Overbygg.

Overbygget vert nå byggd i Divinycell/glassfiber. Hyttesidene er 15 mm. og alle tak i 20 mm. divinycell.

 

 

               scan10076-picnik
                                  Divinycellplatene vert skore til.

 

 Kundane kan bestemma fargen på overbygget. Overbygget vert isolert og 100% tett. Vinduene 5-6 mm. glass og limt fast med alum.lister. Ferdige vinduer i rammer kan også leverast.

 

               srbrisen 040-picnik
                        Overbygg i divinycell.

 

Det kan brukast forskjellige matrialer til innreiding, teak, mahogny, eik mm.

 

               scan10025-picnik
                                   Førarplassen i 26'.

 

På båtar med sjølvlensande dekk vert motoren som oftast montert ute under dekk. Framfor motoren vert det sett opp eit vanntett skott. På den måten vert båten heilt turr innvendig.

 

               vaagsnes780 003-picnik
                                     Skroget er heilt turrt.

 

Det vert montert forskjellige motorar, Yanmar, Perkins, Vetus og Nogva Nanni. Ved denne byggjemåten og spesialteikna proppelltunell får båten ein bra fart, i forhold til motorstørrelsen.

 

               srbrisen 051-picnik
                                             Sørbrisen i 18 knop.

             

               vaar baat 01-picnik
                                               Vågsnes i 20 knop.

 

 

Båtane er heilt turre innvendig og kan brukast om vinteren. Skroget vil heller ikkje sprikka og rotna ved denne byggjemetoden. Ein får ein båt som kan brukast i mange år og vedlikehaldet er enkelt. Båtane vert også rimelegare å byggja enn glassfiberbåtar i same størrelse. Form og størrelse kan kunden bestemma sjølv. Båtane vert CE merkte.