Geithuset
Geithuset er det eldste huset på Bjelland. Ein reknar med at det er fleire hundre år gammalt. Fleire av husa på garden har tidlegare stått på andre tomter. Geithuset er 2 hus som er bygd samen. Vi vil visa nokre bilete frå ombyggjinga. Arbeidet starta i januar 2007.
Slik var geithuset før vi tok til med arbeidet.
Noko av det gamle tømmeret måtte fjernast. Huset vart jekka opp og ny mur vart støypt.
Stallen vart fjerna. Så vart det lagt plast og isopor, før nytt golv vart støypt.
Her er noko av tømmerveggen skifta.
Bjørneryggen vert skøytt samen.
På veggen vart dei gamle støttene skifta ut, sperrene forsterka og nytt sutak vert lagt.
Sutaket er på plass og skore reint i endane.
Då det ikkje vert lagt inn straum, ville eigaren ha takvindu.
Så var bordkledningen komen på plass.
Og døra vart flytta inn i veggen, slik det tidlegare var på gamle hus.
Så er trearbeidet ferdig og huset klar for å få torv på taket.
Her kjem torva.
Slik ser geithuset ut i dag.
Og det er innreida til gardsmuseum.