Bygging av Berntine del 1
Her er biletserien av Berntine under byggjing. Båten er på 37' og har ein Yanmar på 340 hk. Båten har byggenr. 76.
Her er skantene til skroget.
Her er skantene komne på plass.
Skroget tek stor plass.
Liming av stevne.
Liming av chine (kiming).
Motorfundament må også lagast.
Langsgåande "stringer" i botn.
Bjelkevegar og esing tar form.
Delene kjem på plass.
Langsgåande spant er montert.
Motorfundament.
Deler i hekken kjem på plass.
Forsterkning i botn ved speil.
Huda under plattforma er limt fast.
Esinglistene er monterte.
Så er vi i gong med huda.
Så er 1. lag i botn på plass.
Eg byrjar med 1. lag på sidene.
Vi har fått "tett" båt.
Så var det 2. laget.
2. laget på BB side er montert.
2. laget på plass.
Laga plass for propelltunell.
Modell til kjøl og tunellen er ferdige.
Så har eg fått på plass dei første laga med glassfiber.
Fleire lag måtte støypast.
Epoxyen er lagt utover og kjølen er klar til å skruast fast.
Så er kjøl/tunell festa til resten av skroget.
Så var det 3. laget.
Og deler av glassfiberen er limt inn.
Speilet er ferdig limt.
Så er det 4. laget som vert limt på skroget.
Så er mahognyen og matrialene til skansekledning på plass.
Skroget er limt ferdig og eg skal til med detaljer og sliping.
Her skal baupropellen vera.
Så er tunnell og steglister på plass.
Botn har fått 2 lag med Jotun Antipest.
Bakre del av botn.
Fremste delen.
Det er lagt på 1 lag med bunnstoff, slik at det herdar samen med primeren.
Så er skroget slipt og klar for å koma på rett kjøl.
Skroget tek stor plass.
Nå er det snart ingen veg tilbake.
Veggpryd ?
Så er båten snart på rett kjøl.
Snuoperasjonen gjekk greitt.
Så står skroget i vater.
Her er det mykje som skal monterast.
Motoren ein 340 hk Yanmar vert heist ombord.
Med snor og vater vert motorplassering rekna ut.
Så er motorfundamentet ferdig.
Motoren står på fundamentet. Propellakslingen kjem seinare.
Store båtar må ha straumagregat. Her er fundamentet.
Så var agregatet på plass.
Og slangane er kopla til.
Dieseltanken må justerast på plass.
Så var det bjelkane.
Skott og lydpotte.
Motorisolasjon og skap til motorstyring.
Kne og bjelkevegar.
Varmtvannsberedar og trykkvannspumpe.
Dekk bak og skandekk.
Så er det tid for overbygget.
Bakerste delen av overbygget.
Nå er hyttesidene komen på plass.
Dieselslangane er monterte.
Og dieselfilteret er lett å skifta.
Så var det innreidinga, her er dørken komen på plass.
Skotta er plassert. Døra inn til toalettet.
Dobbelkøya i fremste lugaren.
Det er berre karmen rundt køya som manglar.
Kleskap i forkabinen.
Ankerbrunn og røyr til kran, for vask av anker mm.
Skap og vask på toalettet.
Toalettrommet sett ovanfrå.
Kleskap i midtkabinen.
Innreiding i styrehuset BB side.
Dette skal verta sitjegruppe.
Meir frå sitjegruppa.
Inngang til midtkabinen.
Du kan sjå fleire bilete i del 2.