Bygging av Berntine del 2
Då det ikkje er plass til alle bileta på side 1, kjem resten her.
Sitjegruppa er snart ferdig.
Pentrybenken tar form.
Defrostervarmaren montert i benk under førarsete.
2 lag kryssfiner er limt og skrudd fast på dekket.
Så var fronten på kahytta på plass.
Ankervinsjen er fellt ned i dekket.
Her skal skapet og bordet stå.
Så er kahyttaket plastra på innsida.
Skotta er kappa og limt på feste for taket.
Taket er limt og skrudd fast og klar for plastring.
Så er glassfiberen på plass.
Har passa til fronten av styrehuset.
Eg er snart klar for å lima på mahognyen.
Skar hol i hyttesidene og prøvde ein ventil.
Teak innvendig front og slik vert resten av overbygget.
Bordet er ferdig.
Fronten i styrehuset er ferdig.
Taket over styrehuset er støypt. Sparkling og pussing vert gjordt seinare.
Her er luka for å koma opp på flybrigden.
Taket innvendig med feste for takplatene.
Hjørneskapet over pentrybenken.
Teaken vert limt på innsida av overbygget og gardinbrettet er montert.
Platene i front styrehus er komen på plass og listene montert.
Her er instrumentbordet med plass for kartplottaren.
Hyttesidene innvendig er ferdig slipte.
Taka er malte og takluka montert.
Opp til flybrigden.
Skap under instrumentbordet.
Lakkerte hyttesider.
Stuerom i trappetrinna.
Trappetrinna på plass.
Dørk ved passasjersete.
Toalettet.
Takluka i fremste sovelugaren.
Pentrybenken.
Fotstøtte ved førarstolen.
Skai i taket og kasse i fronten for vindusviskarane.
Ein vindusviskarmotor er montert.
Søyle for flybrigdetaket.
Dørken att køya i fremste sovelugaren.
Dørken i midtkabinen.
Taklistene på plass.
Dørken med luker, i salongen.
Dørken attmed førarplassen.
Vegg mot plattforma med feste for davitane.
Baupropellen bak.
Kjøleskapet.
Tankinstrumenta.
Kobelt kontrollhendlar og Sleipner sidepropellar.
Defrosterdysene.
Det går mot slutten med lakk og maling.
Skottet er beisa og lakka.
Toppen på skansekledningen er behandla med Colean.
Båten sett frå sida.
Inngangsdøra med låsen på plass.
Leider opp til flybrigden.
Skjerefjøl og skuffe.
Skuffeseksjonen.
Kroskap med dør.
Skapet under salongbordet.
Døra inn til midtkabinen.
Ventilrista inn til motorrommet.
Kassen til vindusviskarane er ferdig.
Støyping av flybrigdesidene.
Lysventilen innvendig.
Instrumentbordet på flybrigden.
Så er det Aikona teaken som vert limt.
Framme på bakken. Seinare vert limen slip vekk.
Så fekk vi endeleg vinduene frå Ertec.
Og slik ser dei ut frå innsida.
Dekket langs sida med rekkverk.
Båten er ute i sola.
Så ventar ein spennande transportetappe.
Og båten flyt beint.
Diesel og vatn må fyllast.
Båten er klar for heimreis. Eit byggjeprosjekt er over.