Sørbrisen- frå matrialer til båttur.
Her vil vi sjå korleis Sørbrisen vart byggd. Båten er på 34'.
Skroget er teikna av J.E.Vågen. Propelltunell er teikna av Servogear og overbygg og innreiding av eigaren. Skroget er krysslimt med 4 lag tre og epoxy. Propelltunell i glassfiber, er limt og skrudd fast til skroget. Dei 2 siste laga er limt inn over deler av tunellen. Overbygget er i Divinycell m/glassfiber.
Dekk og innreiding i teak. Båten er utan spant. Det er laminert inn vanntette skott under dørken. Ved denne byggemetoden får ein eit lett og heilt turrt skrog.
Overbygget er seinare trekkt innvendig med skai. Motor 222 hk Yanmar.
Her kjem nokre bilete frå bygginga:
Arbeid med 1. laget.
1. laget på plass og så var det speilet.
Båten tek stor plass i verkstaden.
Klart for 2. laget.
Tar til med 2. laget.
Høvlar av motorfundamentet og gjer plass for propelltunnellen.
Propelltunnellen vert forma.
Tunnell og kjøl vert støypt i glassfiber.
Kjøl og tunnell vert limt og skrudd fast til resten av skroget.
3. laget vert laminert over glassfiberen.
3. laget er på plass.
4. laget vert i mahogny.
Båten er ferdig laminert.
Skroget er ferdig pussa, botn prima og båten klar for å koma på rett kjøl.
Skroget på veg mot rett stilling.
Ein stolt hjelpesmann.
Nå er spenninga over.
Skroget er reinska innvendig og botn epoxybehandla.
222 hk Yanmar er på plass.
Motoren sett frå framsida.
Kjølen før hylsa vert montert.
Skotta under dørken kjem på plass.
Skanndekket er montert.
Hyttesida i divinycell skal heisast på plass.
Overbygget tar form.
Innvendige skott vert sett på plass.
Nokre av skotta.
Toalettrommet tar form.
Dette skal verta dobbelkøy.
Førarplassen.
Svigerfar til "redaren" ser etter at alt er i orden.
Båten vert lyfta på vogna.
Detaljer frå hekken.
Første dag i frisk luft.
Nå er det like før sjøsetjing.
Båten lengtar mot sjøen.
"Karane" studerar arbeidet.
Den flyt visst beint.
Her går det i 22 knop.