Bygg nr. 77- del 2
Første sida til bygg 77 er full. Derfor vert del 2. Her viser eg meir om innreidingsarbeidet.
Dette kleskapet hører til i framkabinen.
Dørken i framkabinen.
Køyene tar form.
Så kan eg skjera til platene på toppen av køene.
Der drillen står kjem det eit skap.
Så er sengebotnen ferdig.
Slik vert køyene.
Hyller i skapet framme.
Slik vert skapet, før dørene kjem på plass.
Her kjem skottet framom sitjegruppe og stikkøy.
Her kjenm trapp frå gang framom sitjegruppe.
Liten benk, der ein kan sitja for å ta på sokkane.
Dørkbjelkar i midkabinen.
Dørken.
Skottet mot stikkøya.
Nokre av dørkbjelkane i sitjegruppa.
Teakbjelkar til benkene.
Litt av benken i sitjegruppa.
Benken sett frå stikkøya.
Så kan eg innreida vidare .
Fleire deler på sitjegruppa er montert.
Her er det laga plass for vaskemaskin.
Her er bakerste del av sitjegruppa.
Halyard eksospotte og eksosslangen.
Sleipner baupropell.
Så kom dieseltanken.
Nokre av tankane.
Dieseltanken på 500 liter er på plass.
Septik og gråvannstanken.
Stuerom ved enden av stikkøya.
Det er laga plass for trappa frå midtgangen og opp i salongen.
Kleskap i midtgangen.
Kleskapet og trappeoppgangen.
Her vert skapfronten testa om den passar.
Nokre av skotta i skapet er montert.
Bakerste skottet og dørken i badet.
Så er alle skotta i badet på plass.
Skapet er montert.
Midtkabinen, sett frå toppen av båten.
Bakover mot akterkabinen.
Skottet mot akterkabinen.
Her kjem kjøkkenavdelingen.
Inngang til badet.
Det vert mange skott.
Døropning frå akterkabinen.
Dørken er lagt og her kjem pentrybenken.
Her vert det plass for steikeovn.
Fremste del av pentry med plass for kjøleskap.
Så er alle frontane og skotta i pentrybenken montert.
Benk med skuffeseksjon og hyller.
Rom for vaskemiddel.
Plass for komfyr og hyller.
Her skal kjøleskapet stå.
Oppvaskbenken.
Skap i midtkabinen.
Nå har eg laga plass for vaskemaskin og tørketrommel.
Vaskebenken på badet tar form.
Benkeplate, skuffer og dører manglar.
Så skal det vera skap mot skrogsida.
Fronten er montert.
Hyller og lister.
Skyvedører i skapet.
Skapdørene er lukka.
Opning inn til stikkøya, sett frå sitjegruppa.
Inngang til stikkøya frå midtgangen.
Badet slik ein ser det frå sitjegruppa.
Eno komfyr.
Kleskapet med hyller i midtkabinen.
Skapet i framkabinen.
Benken i framkant av salongen.
Taket i midtkabinen skal dekkast med kvite plater, Her er eit felt ferdig.
Nytt skott over motoren.
På grunn av jobb med andre båtar, har det blitt lite med nye bilete på denne sida.
Her har eg pakka ut toalettet, for å sjå korleis det passar.
Det skal skjerast hol inn i skapet, for å kopla til slangar og straum.
Så skal det lagast motorkasse/benk for skuffer.
Her manglar det skuffer og benkeplate.
Motorkassen sett frå sida.
Her på STB side skal lufta til motoren koma inn.
Trappeoppgang til sitjegruppa. Straumagregatet skal stå innom trappa.
Trapp opp til sitjegruppa, får pentrydelen.
Trapp opp frå midkabinen til sitjegruppa.
Her er luftekanalen inn til motoren, på STB side.
Under trappa opp til sitjegruppa, skal straumaggregatet stå.
Luftekanalen til motoren, på BB side, før den vert dekka.
Fortsatt jobb med andre båtar, men nå er luftekanalen er tett.
Kunden ynskjer dør inn til midtkabinen.
Meir stuerom i midtkabinen.
På denne benken kan ein sitja og ta på seg sokkane.
Taket over hovudenden i midtkabinen.
Taket i fotenden i midtkabinen.
Skore av og retta toppen av skotta.
På toppen er det limt fast ei kryssfinerrimse, som skal limast til taket.
Divinycellplater 20 mm H60 er lagt opp for merking.
Her er takplatene skore til og lagt opp på mal, for rett bue.
Undersida er plasta ferdig.
Det er brukt 2 x 450 gr. glassfibermatte.
Taket er lagt på plass og klar for plasting.
Det er limt og skrudd fast mot skott og hyttesider.
Taket er plasta ferdig.
Sett frå baugen.
Frå ein annan vinkel.
Så er det fronten på overbygget.
Frontplatene er montert.
Sett frå baugen.
Mahognyen er tilpassa.
Og limt fast.
Overbygget sett frå sida.
Hyttesida akterkabinen vert skore til.
Mahognyen er limt.
Etter mange andre jobbar har eg starta opp med arbeidet igjen, på bygg 77. Her
er dørkbjelkane i akterkabinen lagt på plass.
Dørken i akterkabinen. Bjelkane og underside av dørkplatene vert epoxybehandla.
Listene viser kor dobbelkøya skal stå, 2 x 1,5 meter.
Dobbelkøyen tar form.
Køya sett frå ein annan vinkel.
Bjelkar og kant for madrassbotn.
Til venstre for senga er det merkt opp for kleskap.
Kleskapet frammom senga.
Lite kleskap bak senga.
Det vert også skap og hylle mellom desse skapa.
Her er skapet på plass.
Skapa på STB side, sett frå ein annan vinkel.
Fremste skapet på BB side.
Skottet mot skapet til ankervinsjen.
Kjettingkassen i botn av skapet.
Kjettingkassen er plasta og drenering er montert.
Skuffesekjson frammom skapet til ankervinsjen.
Mellom skapa vert det ein sitjebenk.
Slik vert sitjebenken. Nå vert det lett å få sokkane på føtene.
I pentrybenken er det laga plass for skjærefjøl.
Under dobbelkøya er det montert 2 vanntankar, tilsamen 450 liter. Kanskje det er vannseng.
Benkeplate over motorrommet.
Benkeplate i "marmor" på badet.
Rundt komfyren.
Vask og blandebatteri.
Slik ser det ut under vasken.
Det vert skap i bakkant av benken.
Skapet over kjøkkenbenken er på plass.
Sette varmtvannsberedaren ombord, vert montert seinare.
Monterte ryggplatene i sitjegruppa. Kanalen i bakkant av benken går opp til styreposisjonen.
Toppen av skapa i salongen.
Fremste delen av sitjegruppa.
Benken i akterkabinen.
Dobbelkøya.
Vask og blandebatteri på badet.
Lagde fall mot sluken i dusjen.
Her skal trustaren i hekken skal vera her.
Og motoren kjem inn under dobbelkøya.
Her er det merkt, for utskjering i botnen.
Nå er det hol i skroget.
Kanten på luka er skore på 45 grader.
Luka og kanten er belagt med epoxy og duk. Det er plast mellom delene,
slik at ein får laus luka.
Trustaren sett frå sida.
Under plata ligg propellen.
Slik er trustaren, når den er i bruk.
Trustar slik der er i kvilestilling.
Sidepower er ferdig montert.
Og motoren kjem inn i dobbelkøya.
Listene i taket, for feste til takplatene.
Det er plass til straumkablane mellom listene.
Så starta eg med montering av veggen, bak i båten.
Hol for luke, rømmingsveg.
2 vinduer må det også vera.
Hekken, sett frå utsida.
Bjelkar for å forsterka taket over akterkabinen.
Her er straumaggregatet, eit Fischer Panda.
Eine bjelken går over byssa.
Dei er laminert i furu og det er limt 4 mm teak utanpå.
Resten av bileta vert lagt ut på: Bygg nr. 77 - del 3.