Her kjem del 4 av bygg nr. 78.
Skansekledningen er slipt.
Og klar for å malast kvit.
På toppen av akterkabinen måtte glassfiberkanten dekkast med teaklist.
Den er limt og skrudd fast.
Toppen av rekka er slipt.
All flater i styrehuset som vert synleg, er malt med 2-komp. maling.
Resten vert dekka av innreiding.
Liming av fronten til pentrybenken.
Her kjem kjøkkenbenken.
Feste for skotta.
Skotta i benken er på plass.
Vaskekummen til venstre, så kjem skuffseksjonen m/skjerefjøl.
Steikeovnen. Heilt til høgre kjem kjøleskapet.
Saga hol frå stikkøya og inn til "teknisk rom".
Luka er montert.
Benkeplate.
Så var vask, koketopp og steikeovn på plass.
Kjøleskap, dører og skuffer kjem seinare.
Får laga eit skap bakom kjøkkenbenken.
Her er benken under styrestolen.
Benken for styrestol er montert, samt glidelister for skuffe.
TV - liften er montert. Den står bak ryggen i sofaen.
Skapet over kjøkkenbenken.
Salongen tar form.
Skal laga til eit system for passasjersete.
Så var det å isolera aksospotta.
Isolasjonskassen til eksospotta.
Kassen til luftinntaket for motoren.
Så er skroget slipt ferdig.
Og klar for lakkering.
Så var det salongen.
Ryggplatene vert montert.
Då har vi starta med maling av skansekledning.
Og overbygget.
Det må pussast før neste strøk.
Hol for rømming og lufting i akterkabinen.
Myggnetting til luka.
Akterspeilet vert dekka med 6 mm kryssfiner.
Eksosslangen under køya er isolet og kassa inn.
Slik vert akterkabinen på BB side.
Då vert det skap i fremste toalettrommet.
Frontane til skapet er limt.
Benken på toalettet.
Benkeplata er limt fast.
Isolering av motorrommet.
Skottet bak motoren.
Under dørken er det 2 lag med isolasjon.
Lukene til motorrommet.
Tavla med filter og vendebrytarar.
Vasken på badet i akterkabinen er limt fast.
Vasken på badet framme med skap og skyvedører.
Så skal det lagast fleire skap i front av båten.
Dette vert fronten til skapa.
Skapfronten er montert.
Rommet i benk attmed stikkøy i midtkabinen.
Inngang til stikkøya på venstre side.
Benk på BB side i framkabinen.
Styrbord side.
Stuerom ved sida av køya.
Alle benker er epoxybehandla innvendig.
Epoxy i benkene.
Småbenker i framkabinen.
Trinn attmed dobbelkøya.
Avløp frå badet i akterkabinen.
Vask med krane.
Hyttesiden skal dekkast med kryssfiner.
Slik vert hyttesidene.
Fronten i fremste kabinen.
4 mm bjørk kryssfiner.
BB side er kledt ferdig.
I dusjen.
STB front.
Så var det nedgang til akterkabinen.
Platene på plass og 1 strøk med lakk.
1. strøk med oljelakk 3-stjerner
Då vert det mahogny på innsida i lugarane.
Mahognylistene har ein tykkelse på 4 mm.
Matrialen må passast til, før den vert limt fast.
Ferdig med lim.
BB side.
Då var lugaren ferdig for sliping.
Ferdig med mahognyen i midtkabinen.
Passa til matrialen i akterkabinen.
Limt fast på BB side.
Limt fast på STB side.
Alle deler på plass og klar for sliping.
Lita hylle oppe på sida.
Mahognyen er slipt ferdig i fremste kabinen.
Støvete sida.
Nå er sidene slipt ferdig og klar for lakking.
1. strøk med lakk.
Skal ha på fleire strøk med lakk.
Sengekarmar og lister er montert.
Stikkøya i akterkabinen.
Det har vore mykje lakking av innreiding, i det siste.
Så må det lagast trapper, her ned til fremste lugarane.
Det skal monterast bjørk kryssfiner bak trappa.
Trappa må også lakkast.
Trappeholet ned til akterkabinen.
Trappa ned til akterkabinen.
Slik vart den.
Dørkarmar til fremste kabinen og til toalettet.
Då er alle dørkarmane på plass.
Då vart det også mahogny i bakerste badet.
Slipt ferdig.
Tenkte å laga skap over vasken.
Luke over nedgangen til akterkabinen.
Den skal dekka opningen over døra.
Fortsett vidare til Bygg nr 78 - del 5