Bygg nr.77 - del 3
Her er del 3. Reknar med å få plass til resten av bileta her.
Liming av detaljer i bakkant styrbord hytteside.
Så var mahognyen limt på hovudspeilet.
Detaljer ved avslutning på babord hytteside.
Då var mahognyen på plass.
Detaljer STB side.
Og BB side.
Klart for å reinska lim.
Limen er reinska vekk på STB side.
Likeeins på resten av modulen.
Alle skott og hyttesider er retta av.
Og det er limt kryssfinerstrimler på toppen av skotta.
Det vert laga ei forlenging på STB side av oppgang frå badeplattforma.
Her er det laga ei ramme for å bera dekket og samtidig vera feste for rekkverket.
Mal for takplatene ved plasting av underside.
Her er fyrste takplate klar for plasting, 20 mm. divinycell H80.
Her er 1. del av taket plastra med 3 lag 450 gr. matter.
2 takplater er lagt på plass.
Då er divinycellen ferdig pussa.
Og klar til å leggja glassfiberen.
Så er taket ferdig plastra, med 2 lag glassfiber.
Innvendig er taket skøytt samen glassfiberremser.
Taket inne på toalettet.
Stor takflate. Taket skal seinare slipast.
Her er bakveggen kledt med teak, før den vert slipt.
Hyttesida er også kledt med teak.
I taket inne i kleskapet er det montert 5 mm. respatexlaminat.
I taket er det montert lister, for feste for takplatene.
Her er det lister mellom takbjelkane.
Liming av front til eit skap på badet.
Her er fronten til det andre skapet.
Fronten til skapet over komfyr.
Skanter til taket.
Her er første plata plastra.
Her er 2 av takplaten ferdig til å festa på toppen overbygget.
Siste takplata vert testa om den passar.
Her er fronten klar for montering.
På sidene av overbygget vert rimser av glassfiber limt og skrudd fast.
Etterpå vert toppen av taket plastra samen med sidene.
Skyggen på taket vert bygd opp med divinycell.
Klar for å støypa taket.
Så er toppen av taket støypt, 2 lag med 450 gr matter.
Her sett frå dekket over akterkabinen.
Skapa over benken på badet, under byggjing.
Så er skapa ferdige, dører kjem seinare.
Her vert skapet over pentrybenken laga.
Og sett frå ein annan vinkel.
Vi lyt ha ei luke for event. ta opp motoren. Her er det skore hol i dekket.
Når luka er teken vekk, ser ein rett ned i pentry'en.
Hyllene i overskapet over kjøkkenbenken er på plass.
Måtte ha fleire hyller i venstre skap på badet.
Her er lukeopningen, sett frå pentry.
På undersida er det limt på 5 mm. kvit respatex.
Her er det gjordt klart for å montera luka på plass.
Luka er på plass. Det vil koma ein syrefast ramme med pakning, over luka.
Kablane fram til lyspunkat må på plass.
Leggjing av takplater.
Takplaten i pentry er på plass.
Her det plata i akterkabinen.
Takluka slik ein ser den innvendig.
Og slik vert det på badet.
Her skal det verta skap for TV.
Slik vart TV skapet. Døra vert montert seinare.
Fekk også plata ferdig taket under TV skapet.
Trappa opp til akterdekket.
Har også montert søyle attmed trappa, for å stiva av taket
Kjøleskapet skal stå inne i rommet framom kjøkkenbenken.
Avslutning av taket i pentry.
Hyttesidene vert kledd med 5 mm. teak.
Er nesten ferdig å passa til teaken på hyttesida.
Måtte prøva døra til TV skapet.
Så er teaken innsida av overbygget limt fast og slipt.
I midtkabinen.
BB side i framkabinen.
Frå styrbord side.
Veggen bak i akterkabinen er også ferdigslipt.
TV skapet og litt av gardinbrettet.
TV'en skal festast på døra.
Gardinbettet i fronten av overbygget.
Plater under gardbretta.
Kablar til lyspunkta.
Kabler i fremste kabinen.
Skrogsidene er epoxybehandla.
Her frå stikkøya i midtkabinen.
Det er kledt under dollbordet, her frå badet.
Frå midtkabinen.
Under skandekket i fremste kabinen.
Flake og epoxy på badegolvet, beige med brun og raudspetter i.
Fronten framom sitjegruppa er pussa. Listene manglar.
Karm rund senga.
På grunn av anna arbeid, vart det ikkje så mykje båt denne veka. Her er listene i taket på badet, montert.
Taket i kjøkkenet, sett frå badet.
Kjøkkentaket, sett frå ein annan vinkel.
Taket fram mot salongen.
Taket i akterkabinen.
Ferdig med listing i taket.
Bjelken og taket på BB side.
Taket i STB side i salongen.
Ekstra kasse for å få plass til kontrollkablar mm.
Over TV skapet.
Midtpartiet i taket, mellom 2 "kunstige" bjelkar.
Då var dette taket ferdig.
Taket i fremste kabinen.
På STB side.
I midtkabinen.
Ut mot gang ved midtkabinen.
Slik vert dørkarmen inn til badet.
Inn til midt- og framkabinen.
Liming av dørene.
Armlene i sitjegruppa.
Her frå fremste delen.
Sitjegruppa er ferdig lista.
Oppgang til uteplassen.
Benken i midtkabinen er ferdig lista.
Køyene i framkabinen med karmar.
Her er ein av dei andre dørene ferdig limt.
Dørene er monterte, her inn til badet.
Sett frå akterkabinen.
Dørene til midtkabin og fremste lugaren. Dørlåsane kjem seinare.
Kantlist på STB side i salongen.
Bakover mot pentry.
Listene er på plass i benken over motoren.
Slik vert benken for komfyren.
Støvsuging og rydding kjem seinare.
Fundamentet til straumaggregatet.
Aggregatet er sett fast.
Slik ser det ut frå pentrydelen.
Dekselet og lyddempar er montert.
Vannutskillaren for eksosen. Vatnet skal ut i midterste utløp og tørr eksos i høgre.
Eksosslangen må fram, under dørken.
Eksosslangen må sikrast for for vatn frå utsida av skroget.
Slangane til vannskillaren for eksosen frå aggregatet.
Alle slangane er på plass.
Racor dieselfilter til motor og aggregat.
Vannrøyr, blå for kaldt vatn og raudt for varmt vatn.
"Kryss" med grein til badet.
Vanntankar, beredar og vannpumpe.
Påfylling og lufting av vanntankane.
Tilkopling av vannuttak mm.
Her skal slangar og straumkablar til toalettet koma.
Trykkvannspumpa for spyling av toalettet.
Toalettet er på plass.
Slangane til gråvannstanken og septiktank.
Baderomsvifta til venstre og brytar for toalettet i midten.
Avløp frå vasken.
Matrialer til 30 skapdører.
Det ver tilsamen 120 deler.
Med tappevogna på fresen, vert vert over- og under ramme frest i endane.
Slik ser tappedelen ut.
Måtte prøva ei lita skapdør, om det passa i hop.
Dette vert ein av dei største skapdørene.
Nokre dører er sett samen og limen herda.
Nokre ferdige dører.
Her er resten, tilsamen 30 dører.
Detaljer på dørene.
Døra er montert, med lås.
Slik vert døra. Rosetten rundt låsknappen vert montert etter lakkering.
På badet.
Overskapa i pentry.
Skapa i salongen.
I midtkabinen.
Skapet i midtgangen.
Mot baugen.
Kleskapet i framkabinen.
Produksjon av skuffer. Ein av frontane.
Dette er skuffene til kjøkkenet.
Nokre av skuffene i akterkabinen.
Kvit respatex i botn av skuffene.
Skuffene på plass på badet.
Det er tilsamen 21 skuffer i båten.
Alle skuffene i akterkabinen.
Så vart det endå meir skap i båten.
I pentryet.
Over motorkassen.
Skjærefjøl må det også vera ombord.
Skuffene oppe i salongen.
Det vert mykje plass til "ting og tang".
Fjører til å halda oppe skapdøra.
I lukka stilling.
Over dobbelsenga til redaren.
*
Etter ferie, kom redaren med lakk og kostar.
Han blanda inn litt brun mahognybeis i lakken.
Lakken er 3-stjerner silkematt.
1. strøket er på plass.
Det vert tilsamen 3 strøk.
Her frå fremste lugaren.
Døra til fremste kabinen.
Lys og i akterkabinen.
Brytar.
Taklys i pentry.
I salongen.
Plassering av brytar i midtkabinen.
I midtkabinen.
I framkabinen.
Dimmebrytar i salongen.
Isolering av motorrom.
Kjølevannsfilter.
Trangt mellom motor og vegg.
Tanktopp med uttak og retur.
Dieselslangar til motoren.
Måtte laga ei dør inn til tankrommet for gråvatn og sept.tank. Her vert batteria plasserte.
Skapdøra er montert.
Listing rundt kanten ved salong/trapp ned til midtkabin.
Det mangla nokre lister i framkant salong. Her er ei av dei.
Her ved nedgangen til midtgang.
Taklist midtgang.
Legging av kunstig golvplank i framkabinen.
Ferdiglagt golv frå Nordanger Gulv. Fuging langs kanten kjem seinare.
Dørken i pentry.
Midtkabinen.
BB side av dobbelkøya i akterkabinen.
Framom dobbelkøya.
Oppe i salongen.
Nedgang til pentry.
Luker for å kunna sjå under badeplattforma.
Kasse over truster bak.
Fuging av nater langs kanter, svart Simson.
Her fugene langs skottet ferdig.
Fuging av trapp opp på akterdekket.
Luke i dørken ved pentry.
I akterkabinen.
Resten av skapdørene er montert. Dei vert lakkert seinare.
Ved kjøkkenbenken.
Bak i rommet vart det dørk for batteria.
Inngang til batteria frå køya i midtkabinen.
Bordplata til salongen.
Måtte fresa opning under badedøra. Vifta på badet treng luft.
Overbygget må verta lenger. Styreposisjonen skal vera her oppe.
Karmen er kledt med mahogny.
Skal festast mot fremste overbygget.
Etter at båten kjem ut or verkstaden, skal vindskjermane monterast på.
Her er yttersida kledt med mahogny.
Og innsida får teak.
Sideskjermane er ferdig slipte. Har laga gjigg for å montera dei på.
Her prøver eg å passa til midterste frontskjerm.
Har limt teak på innsida av frontskermane.
Benkene ved styreposisjonen, sett frå BB side.
Benkene slik ein ser dei frå stb side.
Trinn på STB side.
Og BB side.
Vindskjermen er ferdig innvendig.
Og slipt utvendig.
Ilas Inside 1000 watt ankervinsj er montert.
Så er det berre montering av straum og radiostyringar igjen.
Beslag og trinse for styring av ankerkjetting.
Fundament, rorhylse og styresylinder.
Karmen på dekket er slipt og ventar på lakk.
Ror i syrerfast stål og arm for nødstyring.
Ventilar i overbygget.
Stjerneventilar innvendig.
Alle vinduopningar er ferdig pussa, frest ut fals og epoxybehandla. Takluka er passa til.
Måtte lima på list i nedkant skjerm, for feste til tak.
Så var det tid for å lima teaken, som vert på toppen av rekkverket.
Mange limtvinger.
Fremste rekka vert 7,2 meter.
Limen er herda og rekka kan flyttast.
Det vert herda glass i båten, så det vert malar til 29 glass.
Vi fann eit rom til defrosterapparatet. 3 av slangane går opp til vindskjermen.
Det måtte skjerast hol i benken, til defroster. Luka er lista og montert.
Det er 1 dyse inn til salongen.
Batterikasse m/batteri og dørk ved fremste truster.
Plassen for batteri til bakre truster og ankervinsj.
Start- og forbruksbatteri.
Rele og radiostyring for ankervinsj.
Automatsikring for ankervinsj og fjernstyrd hovudstraumbryter for truster.
Så då er ankervinsjen komen i drift.
Varmluftdyse til midtgang.
5,5 KW dieselvarmar.
Eksosutløp for varmar.
Oversikt over installasjonen.
Friskluftsinntak til varmaren og lufting av dieseltanken.
Styring og temp.følar for varmaren.
Varmluftsdyse til pentry.
Luftinntaket vert innom samme rista som inntaket til motoren.
Dekket vert forsterka med 4 mm. furu kryssfiner, limt oppå 12 mm. gran.
Framdekket med holdarar for esing.
Fremste delen av esingane er skrudd og limt.
BB side. Esingane er i eik.
Størrelsen på esingane er 50 x 50 mm.
Esingane er på plass.
Esinglista i eik er slipa.
Fram mot baugen.
Listing rundt trappa.
Karm rundt kanten på akterkabinen. snart vert det leggjing av dekk.
På kanten av akterkabintaket.
På BB side.
På baugen.
Esinglista sett i mellom stillas.
Fremste delen av esinga.
Dei kvite røyrane er nå fulle med kablar og hydraulikkslange.
"Vegkryss" med kabel. Vert sett seinare stripsa fast.
Her kjem "eltavle". Kablane ligg klar for montering.
Trustarane er kopla til, manglar kun signalkabel.
Sikringskap for styreposisjonen.
Epoxy på akterdekket.
Og framme på dekket.
BB side.
Etter ein del jobbing med kabel, kopling mm. , vart det lys. Her i aktekabinen.
Pentry med "lysrøyr" over vasken.
4 taklys i salongen.
Her er noko av tavla. Landstraum og tavle for agregat er ikkje kome på plass.
Sikring og styring er montert.
Er ferdig med opplegget for landstraum. Straumagregatet er klar for start.
Kabling i motorrommet.
Sikring og styring for trustar bak.
Stikkontakt til v.v.beredar.
Innfelt stikkontakt.
Slik ser stikkontakten ut på baksida.
Straumtavla er ferdig. Ladarar for truster framme og bak, er montert nede til venstre.
220 liter kjøleskap med fryseboks oppe.
Kjøleskapet er fastmontert og komen i drift.
Slik ser ein det frå salongen.
Dette vert dør opp til styreplassen.
Liming av breie lister.
Instrumentbordet.
Kanalar for varmluft. Vert montert fast seinare.
Vendbar rygg ved styreplassen.
Targabøylen vert sett samen.
Ytterdelen i hjørna er limt.
Då er delene limt ferdig.
Snart klar for sliping.
Targabøylen er plasta og sparkla. Klar for lakking.
Overbygget er slipt og lakka.
Ventilane er på plass.
Targabølen er malt ferdig.
Kvit vannlinje.
Har passa til vinduslistene på skjermen.
Vinduene er montert.
Det er 5 mm. herda glass.
Snart klar for å leggja teakdekket.
Vinduslistene på hekken.
Listing inne i karmen, her frå vindskjermen.
Stigtrinn opp til akterdekket.
Påfylling til vanntankane ligg under eine stigtrinnet.
Lister i vinduene bak.
Front i salong.
Side i salong.
Side i fremste lugaren.
Listene i front i fremste lugaren.
Så er det tid for å leggja dekket.
Dekket er Aicona, kunstig teak.
Dekket vert limt med svart Simson CA.
Dekket skal fugast i kanten og slipast.
Noko av rekkverket - - -
- - - er på plass.
Vindskjerm og targabøylen er klar for montering.
På dekket bak.
Inne i sitjeplassen.
Frammover mot baugen.
Klar for veging.
Her heng båten i stroppene. Vekt 6500 kg.
Klar for å køyra vogna under båten.
List langs sida. Vert bygd samen med badeplattforma.
Rekkverket.
Redningsluke i hekken.
Plattformdekket i divinycell.
Skroget er beisa med International mahogny båtbeis.
Har nå fått på 3. strøk Clipper 2.
Karmen på akterdekket er sett fast og fuga.
Noko av teakrekka.
Kahyttaket og litt av framdekket.
Innerramma til luka er montert.
Lakken skal mattast og ha på nytt strøk med lakk.
Hekken.
BB side.
Båten fyller døropninga.
Det var 4-5 cm klaring over båten.
Første gong ute i frisk luft.
Har sett fast øverste vindskjermen.
Targabøylen er på plass.
Det vert høgt.
Kjersti frå Eteka tar mål av kalesja.
Kalesjemalen er ferdig.
Det vert nok ein annan farge på kalesja.
Slik vert det.
Rygg i benkene, bak styreposisjonen.
Detaljer rundt nedgang til salong.
Skyveluke.
Støvete port.
Styrekonsoll.
Dør ned til salongen.
Rorbeslag.
Snart klar for sjøsetjing.
Så er båten komen på sjøen.
Det vert høgt opp til styreposisjonen.
Klar for å slepast til kai.
"Slepet".
Det er litt som må gjerast før testkøyring.
Kalesja manglar.
Båten vart levert 1. mai og her er 2 videosnuttar frå testkøyringa: : https://www.youtube.com/watch?v=bxtC8iMYzY8&feature=youtu.be og denne: https://www.youtube.com/watch?v=8KCZiczuMNo .
Vi fekk ein toppfart på ca. 21 knop med 320 hk Nogva Nanni. Viser nokre bilete av båten i fart.