Løa på Bjelland
Arbeidet med løa på Bjelland starta i mai 2007. Det vart eit stort arbeid, der løa vart bygd om til selskapslokale, med kjøkken, arbeidsrom og bad. Til sine tider var vi opp til 10 personar på arbeid. Det måtte lagast ny brunn, tunet drenerast og septiktanken måtte på plass. Våren 2008 var det prosjektet ferdig. Vi vil visa ein del bilete frå arbeidet med løa.
Slik såg løa ut før vi starta ombyggjingsarbeidet.
Jostein frakta mesteparten av matrialene over fjorden og gjorde ein kjempejobb.
Her kjem varene i lufta.
Hellene må fjernast.
Mykje matrialer må fraktast til bygget.
Den gamle kledningen er fjerna.
"Ope hus."
Varene vert plassert der vi vil ha dei.
Så var det sutaket.
Isolasjon og sutak nr. 2.
Nå er det tett tak.
Slik ser taket ut innvendig.
Betongmurane i fjosen må fjernast.
"Sjefen" fortel korleis han vil ha det.
Nytt golv må støypast.
Eine gavelveggen får bordkledning.
Peder'en leitar etter vatn på gamle måten.
Beising må gjerast.
Takhellene er montert og taket vert fint.
Låvebrua.
Her kjem eikepanelen i stova.
Staver og skråband vert synlege.
Fliser på kjøkkenet.
"Sjefen" er på besøk.
Trappegangen frå 2. etasjen.
Rekkverket på "galleriet".
Stova er ferdig.
Litt frå kjøkkenet.
Kjøkkeninnreidinga er fransk.
Her kan ein slappa av og sjå ut over fjorden.
Sitjegruppa i 2. etasjen.
Så er det greit å kunna ta seg ein "blund".
Slik var løa frå nordsida.
Slik ser løa ut i dag.
Du kan sjå meir om løa her.