Hønsehuset
Hønsehuset er det siste huset på Bjelland, som vart bygd om. Dette huset må nok ha vore flytta fleire gonger, sist i slutten av 1950-talet. Ein trur nok at hønsehuset har vore bustadhus, når det var nytt. Frå å vera eit hus som geitene og hønsa har vore i, skal det nå verta ein stad for kokkene. I hønsehuset vert det 2 rom, hellelagd gang og eit opphalds/soverom med 2 senger. På taket måtte vi bruka resten av dei utsorterte hellene, som var igjen etter løebygget. Hønsehuset vart ferdig i oktober 2008.
Her er nokre bilete frå arbeidet.
Slik såg huset ut før eg byrja arbeidet.
Taket og sperra måtte fjernast.
Bjørnerygg og nye sperr.
Sutaket er komen på plass.
Blå takpapp.
Tillbygget var så dårleg at eg måtte fjerna det.
Ny grunnmur måtte støypast.
Tilbygget tar form.
Nesten tett hus.
Bordkledning.
Heller på tilbygget.
Her måtte vi bruka resten av hellene.
Hellene er på plass.
Vinduene er "heimelaga".
Utedøra sett frå innsida.
Små vindu i huset.
Vindu mot sør.
Straum må ein ha.
Ut til gangen.
Så var hønsehuset ferdig.
Dette var den siste "storjobben" min på Bjelland. Seinare kom senger og anna innreiding inn i huset.
Eg hadde jobb bortimot 2 år på garden, og synest det var ei veldig kjekk tid. Du kan sjå fleire bilete her.