Bilete av Sørbrisen
Viser her nokre bilete av Sørbrisen, teke rundt årsskiftet 2009/10. Båten vart levert til eigaren i desember 2005. Ytterlaget på skroget er i kaia mahogny. Som du sikkert ser, er det ein del fargeforskjellig i skroget. På nye båtar er det nå brukt sappeli mahogny. I tillegg kan ein nå beisa skroget med mahognybeis. Båten er på 34' . Toppfarten er 22 knop med ein 222 hk Yanmar og 24" propell.
Båten i vinterkulde.
Salongen oppe i styrehuset.
Pentry.
Inngangsdøra og førarplassen.
Salongbordet og passasjersete.
Detaljer frå akterkabinen.
Speilet og skapet for styremaskinen.
Midtkabinen.
Dusjrommet.
Toalettrommet.
Køya i forkabinen.
Hekksjø ved 15 - 16 knop.
Hekksjø ved 19 - 20 knop.