Her kjem meir bilete til bygg nr. 78.
Kabelkanal fram til baugtruster.
Dobbel kabelgate fram til styreposisjon frå motorrommet.
Kabelkanalane i rommet framom dieseltanken.
Heile motorrommet er nå epoxybehandla.
Dørken i salongen er nå passa til og epoxybehandla under.
Her vert divinycellen til taket på akterkabinen tilpassa og merkt for skjering.
Så vert taket plasta på undersida 2 x 450 gr. matter. Her er sideplatene.
Her er midtplata, Divinycell H80- 20 mm tykkelse.
Då er taket limt og skrudd fast til skroget, klar for plasting.
Taket er plasta og herda, så er det eit sterkt tak gå på.
Alle skotta er retta av.
På toppen av skotta er det montert lister, for å festa taket.
Skal ha 2 bjelkar i fremste lugar, for å stiva av taket.
Då er bjelkane på plass og det er tid for passa til divinycellplater.
Taket vert 4 meter langt.
20 mm. divinycell H80.
Divinycellen er limt og skrudd fast. Då vert det plasting.
Taket er støypt ferdig.
2 x 450 gr. matte på kvar side.
Taket er støypt samen med hyttesidene, på innsida.
Taket og sider vert sparkla og malt litt seinare, nå må resten av overbygget lagast.
Divinycellplate på resten av overbygget, STB side.
BB side.
Deler til trapper opp på akterdekket.
Takluka til fremste sovelugaren, Gebo 62 cm x 62 cm.
Innvendig i fremste lugaren.
Då var det tilskjering og plasting av BB side.
Nokre av stolpane er hole innvendig, då det skal gå kabel der.
Øverste delen av sidene er doble, då det skal vera plass til vinduene.
Då er innsida støypt.
På utsida er det lagt toppcoate.
Då er BB side på plass.
Det vert berre 2 sidevinduer.
Båten får 12 mm. tjukke vinduer frå Hammerglass i Sverige.
STB hytteside er då på plass.
Døra vert på STB side.
Fronten på styrehuset. Denne buen skal monterast på kahyttaket.
Denne buen skal monterast oppe under styrehustaket.
Dei er limt samen og står nå til herding.
Denne fasongen får frontvinduene.
Montert fronten og klar for å plasta den fast.
Då er alt fast.
Døropningen inn til styrehuset.
Slik vert fronten.
Har malt 1 strøk med toppcoate.
Seinare vert det sparkling og meir sliping, før huset vert malt.
Styrehuset er lenger enn bilete fortel.
Overbygget forsvinn nesten.
Det vert store ruter, lengde 1,7 - 1,8 meter.
Malar til glasa.
Malane til frontrutene må ha rette buen.
Får god oversikt med denne størrelsen på rutene.
Alle vinduene skal limast fast.
Mal til sideglass.
Slik vert vinduene.
Malane til frontvinduene må stivast av i rett fasong.
Så var det veggen i bakkant av salongen.
Den er nå støypt ferdig innvendig.
Veggen er montert på båten.
Kassen i midten er nedgang til akterkabinen.
Veggen er støypt ferdig utvendig.
Innvendig er den også støypt fast.
Trapp opp på akterkabinen, på BB side.
STB side, Trappene er divinycell/glassfiber.
Liming av takbjelkar i styrehuset.
Montering av bjelkane.
Då er bjelkane på plass.
Då håpar vi at taket opp til flybrigden vert sterkt.
1. del av taket over styrehuset, klar for plasting.
Undersida av taket er plasta, 3 x 450 gr. matte.
Taket er klar for å festast på bjelkane.
Då er taket klar for plasting.
Slik er det under taket, inne i styrehuset.
Bakover mot akterkabinen.
Då er taket ferdigstøypt, ca 13 kvm.
Framkant styrehuset.
Flybrigden vert monter etter at båten er ute av verkstaden.
Overgang mellom hytteside og tak er støypt.
Overgang mellom dekk og overbygg er støypt samen. Det er tidlegare limt ei glassfiberrimse på dekk.
Her langs hyttesida.
Innvendig er tak og side støypt samen.
Trapp i divinycell.
Her er trappa ferdigstøypt og på plass.
Den går opp på flybrigden.
Så er det sparkling og sliping av overbygg.
Det er store flater å jobba med.
Tak og sider skal sparklast.
Bakveggen vert kvit.
Mange kanter å slipa.
Etter litt pause, er det meir arbeid på båten. Har retta toppen av skansekledning.
På toppen av skansekledningen skal det monterast ein plank.
Innvendig er skansekledningen slip og skal malast.
Slik vert springen i skroget.
Hol for luke i midtkabinen.
Så er det ein del jobb med skroget.
Esinglistene er montert.
Esinglistene er pussa.
Utløp for vatnet på dekket. 6 stk på kvar side.
Utløpet for vatnet kjem over esinglistene.
Toppen av skansekledningen er slip og epoxybehandla.
Klar for å leggja teakplank oppå rekka.
Då er teakplanken på plass.
Teaken er 25 mm. høg og ca 95 mm. brei.
Då manglar berre proppane og sliping av toppen på rekka.
Bileteserien fortset vidare på side: Bygg nr 78 - del 4