Bygg nr. 78
Nå startar eg med eit nytt båtprosjekt. Det vert ein båt på 38' (11,95 meter x 3,85 meter). Skrog i mahogny og overbygg i divinycell. Det vert ein lukka båt med skansekledning, akterkabin og flybrigde. Motor 320 hk Nogva Nanni. Har ikkje teikning av heile båten, men legg ut skisse på skroget. Det vert lagt ut bilete under byggjeperioden.
Teikning av skroget.
Så kom furumatrialene.
Bra matrialhaug.
Matrialene er komen inn på verkstaden.
Klar for å fresa fasong i skanten. Fresemalen i brun kryssfiner.
Her vert skanten frest.
Ferdig skant.
Her er 12 skantar ferdige og det er 3 som manglar.
Her er alle skantene.
Litt av ramma som båten kviler på, under byggjing.
Skant nr. 15, ved speilet.
Skant nr 9.
Båten tar form.
12 skanter på plass.
Så er alle på plass.
Det er ikkje noko tett båt endå.
Då må eg justera skantene og setja dei fast.
Liming av stevne.
Her er kjølen under arbeid.
Liming av BB motorfundament.
Begge motorfundament er limt.
Tilpassing av kjøl og stevne.
Kjøl og stevne er på plass.
Liming av BB chine.
Det vert brukt bortimot 50 tvinger.
BB chine er ferdig høvla og klar for montering.
Chinen er ca 11.4 meter lang.
STB chine.
BB esing vert limt.
Resten av esinga.
STB esing.
Motorfundamentet.
Liming av BB bjelkevegar.
Bjelkevegaren er over 12 meter lang, derfor må den limast i 2 deler.
Nå ser vi kor høg skansekledningen vert.
Topp esing akterkabinen.
Liming av langsgåande forsterkning i botn.
Liming av nederste forsterkning STB side.
BB side.
Alle forsterkningane er nå limde og klar for montering.
Langsgåande forsterkningar er nå komen på plass.
Bjelkane på speilet under liming.
Ein del av bjelkane er montert på speilet.
Forsterkningane i botn.
Heile ramma er nå ferdig.
1. lag med kryssfiner på speilet.
Innvendig speil.
Klar for å kle botnen.
Så er vi i gang med botnen.
Nokre 9 mm. kryssfinerplater på plass.
Har passert midten av båten.
Innvendig.
Nå ser ein litt av fasongen på botnen.
Så kan limen herda.
Ferdig med platene i botn, på eine sida.
Ferdig med kryssfiner i botnen.
Resten mot baugen ved kledt med bord.
1. lag er ferdig.
Klar for å kle sidene. Dei 3 lektene skal fjernast etter byggjing.
Så er eg i gang.
Dette er 1. lag BB side.
Baugen.
Så var eg ferdig med 1. lag BB side.
Innvendig.
Klar for STB side.
Så var eg ferdig med 1. laget på sidene.
Har skore hol for propelltunnellen.
Ser litt av motorfundamentet i kanten.
"Forskalinga" til tunnellen er på plass.
Modellen til kjølen.
Slik vert den.
Så skal kjøl og tunnell dekkast med plasttape.
Støyping av glassfiber.
Då er det klart for å ta laus kjølen.
Nå skal det leggjast på ein del lag med glassfiber innvendig.
Det vert ein del kilo med polyester og duk.
Då er kjølen ferdig støypt og slipt.
Kjølen er blitt tung, så eg må bruke talje.
Då er kjølen på plass.
Den er limt fast til skroget.
Og skrudd fast i forsterking innvendig, med syrefaste skruar.
Så er vi i gang med 2. laget.
Limar først BB side.
Liming på botnen.
Er snart komen bak til kjølen.
Matrialer til botn STB side.
2. lag på botnen er ferdig.
Her ser ein linjene i botnen.
Fiskebeinmønster.
Kjølen.
Så er det 2 laget på BB side.
Kryssliming.
2. lag på begge sidene er på plass.
Då er eg i gang med 3. lag på sidene.
Dette laget står loddrett.
Linjer ved baugen.
3. lag på BB side.
Det vert mange nesten like bilete, her 3. lag STB side.
Ferdig med 3. lag STB side.
Så er det 3. laget BB side i botnen.
Båten vert tyngre for kvar dag.
Då vert 3. laget limt inn på den flate glassfiberdelen.
Her ser ein forskjellen på sidene.
Ferdig med 3. lag på botnene BB side.
Klar for å leggja 3. lag botn STB side.
3. laget i botnen STB side.
Ferdig med 3. laget.
Så er eg i gang med 1. laget utanpå kryssfineren på speilet.
1. laget er ferdig.
2. laget på speil.
Siste laget er på plass.
Skroget er slipt og retta, slik at siste laget vert limt på båten.
Toppen av skansekledninga er i furu og vert mala.
Langs sida.
Då er BB side på plass.
Store flater.
Så er det STB side.
Det går ein del stifter og lim.
På overgangen mellom speil pg skrogside vert det lim ein glassduk.
STB side er limt ferdig.
Er visst lik på begge sider.
Er byrja med borda i botnen.
Har passa til nokre bord, før dei vert limt fast.
Siste laget på botnen BB side.
Då er det berre å lima STB side.
Då er vi i gang med STB side.
Fedig med liming av skroget.
Det vert ein del lim som skal slipast vekk.
Det vert snart meir bilete. Har jobba med ein annan båt. På bygg 78 har eg teke ut fleire tusen
stifter på ytterlaget. Det er ikkje godt å ta biltete av den jobben.
Har lagt toppcoate på kjøl/tunnellen.
Klar for å laga resten av kjølen.
Klar til å montera kjølen.
Kjølen er limt fast.
Med gjennomgåande boltar i syrefast stål.
Så er baugen høvla ned, for å lima på stevne.
Stevne er limt fast.
Då er det klart for sliping.
Har skore hol for tunnellen framme.
Frest inn skroget og skrudd og limt fast glassfiberkrage.
Lister på underkant chinen, for å lyfta skroget under fart.
Tvers gjennom skroget.
Listene i botnen er på plass og skroget grovslipt.
Lagt på 1 lag epoxy ----------------
både på sider og botn.
Epoxyen skal tetta stifthol.
Etterpå vert epoxyen slipast vekk og skroget vert slett.
Botnen skal primast.
Det må setjast av vannlinje før priming.
Skroget er prima.
Mahognysidene er slipte.
Skansekledningen vert slipt seinare.
Bildeserien fortset på Bygg nr 78 - del 2, som er undermeny under Bygg nr 78.