Bygg nr.77
I desember 2010 starta eg arbeidet med bygg nr. 77, ein båt på 11,95 meter x 3,65 meter. Det er ein halvplanade båt der motoren vert ein 320 hk Nogva Nanni. Kunden har laga skisse på overbygg og innreiding. Vi vil leggja ut ein del bilete, etter kvart som det går framover med bygget. Viss du synest det går seint framover med bygg 77, så har eg andre jobbar som eg må gjera ferdig.
Slik skal båten sjå ut, når den er ferdig.
Innreiding.
Denne matrialstabelen skal visst verta til ein båt ?
Ein skant er sett samen.
Alle skantene er ferdige og klar til å setja opp.
Båten byrja å ta form.
Så er alle skantene på plass.
Stevne vert limt.
Kjøl og stevne er montert.
Så var det esingane.
Chine vert limt og den er over 10 meter lang.
Nå ser det visst ut som ein båt.
Slik vert hekken.
Ser ned på båten.
Måtte sjå innvendig i skroget.
1. lag i botn er furu kryssfiner.
Støttelistene er dekka med plast, før bordleggjing av sidene.
Så var det 1. laget på sidene.
Nå er eg snart komen til speilet.
Nå har bygg 77 fått båtfasong.
Innvendig frå midten og bakover.
Mot baugen.
Så er 1. laget på plass.
Det er laga plass for propelltunnellen.
Modell av kjølen.
Støyping av tunnell og kjøl har starta.
Kjølen/tunnellen er ferdig støypt og skal løftast på plass.
Nå er det ikkje lett å få denne laus.
Mange skruar og 3 kg epoxy mellom glassfiber og tre.
Så er eg i gang med 2. laget på skroget.
Liming i botn.
Ferdig på BB side med 2. laget.
"Fiskebeinmønster".
2. laget på sidene er limt.
Lang skuteside.
Så er eg i gang med 3. laget.
På overgangen mellom botn og side vert det lagt inn glassduk.
Her er 3. laget lagt på BB side.
Er nå ferdig med 3. laget i botn.
Her er 3. laget på BB side på plass.
Nå er eg ferdig med 3. laget og det er tid for å tenkja på mahogny.
Noko av denne mahognystabelen skal verta til yttrehud.
Her er huda ferdig til lima på skroget, 50 mm. x 6 mm.
Må starta med liminga midt på sida, elles vert det trøbbel med matrialene oppe og nede.
Limer først mot esinga og går seinare ned mot chinen.
Så er eg ferdig med å lima mahognyen på BB side.
Speilet med furu under vannlinja.
Det er store flater på skrogsidene.
Så er det 4. laget i BB side botn.
Her er eg komen til STB side.
Det nærmar seg slutten på liming av huda.
Nå er eg ferdig med liminga.
"Fiskebeinmønster".
Så er det klart for å ta ut stifter i mahongny, fjerna lim og montera steglister mm.
Stevne er limt på skroget.
Kjølen er på plass.
Så var det til å tenkja på tunellen.
Det er hol tvers gjennom båten.
Flensen i glassfiber vert limt fast, før plasting.
Det må slipast litt, før tunellen er ferdig.
Botnen er ferdigslipt. Snart er det mahognyen sin tur.
Etter ferie og andre jobbar vart det laga steglister og montert dei.
Så er listene på plass.
Har grovslipt skroget.
Har rulla på eit støk med epoxy, for å tetta stifthol og event. småsprikker mellom borda.
Så kom motoren, blank og fin.
Det er ein 320 hk Nogva Nanni.
Botn er slipt og epoxybehandla.
Botnen får epoxyprimer, før bunnstoffet.
Propelltunnellen.
Kjøljern i syrefast stål.
Så er 1. laget med bunnstoff på plass, for å herda i lag med primeren.
Så er skroget ferdigslipt.
Då var det tid for å snu båten.
Her kjem byggjemalane fram.
Den snur seg litt etter litt.....
Det var plass under bjelken.
Håpar den ikkje ligg slik på sjøen.
Nå er det ikkje langt igjen.
Så har kjølen kontakt med golvet.
Slik vert den ståande i ein del månader.
Motorfundament.
Sett frå sida.
Litt av motorfundamentet sett frå framsida.
Epoxy i botn og tunell for baugpropell.
Så var det nok høgde til å få motoren inn i båten.
Her er opplagringa for hylsa støypt fast.
Fundamentboltane er festa og motoren klar for setjast fast.
Hylse og berelager er bolta fast.
Klemflens er skrudd til rett moment og motoren er justert.
Sidan det er så lang aksling, måtte det monterast berelager.
Så er motormonteringa ferdig, ein 320 hk Nogva Nanni.
Liming av dørkbjelkar.
Bjelkane er klar for montering.
Her er rett høgde på dørken.
Dørkbjelkar i pentry og bad.
Dørkbjelkane i akterkabinen.
Bjelkane på framdekket.
Halyard lyddempar.
Dørkbjelkane i framkabinen.
Alle skotta under dørken er montert, for å stiva av botn.
Kne for bjelkevegar.
Bjelkevegaren er montert.
Gjennomgåande boltar i syrefast stål.
Bjelkar og bjelkevegar er ferdige.
1. laget med kryssfiner på dekket og skanndekket.
Når kanten oppe på skroget er retta av, ser ein meir korleis springen vert.
1. del av hytteside vert prøvd på båten.
Det vert ein del måling og prøving, før alt stemmer.
Meir av hyttesiden i litt dårleg lys. Når sidene er ferdige, skal dei takast ned og
lima mahogny på utsida.
Litt vanskeleg å sjå korleis overbygget vert, på denne avstanden.
Båten sett frå ein annan vinkel.
Mahognyen er limt på hyttesidene.
Hyttesida er klar for å løftast på plass.
Hyttesidene er limt og skrudd fast til dollbordet.
Fronten er montert og fyllt med epoxy.
Dørken i framkabinen er på plass og litt av skotta er festa.
Kleskap på STB side.
Her er skottet mot framkabinen.
Kleskapet med opning mot midtkabinen.
På grunn av systemet til heimesida, er det ikkje plass til fleire bilete her.
Vi fortset på side: Bygg nr. 77- del 2.